top of page

Torill Tverborgvik

Torill begynte som postdoc i PriSUD-prosjektet sommaren 2021. I tillegg til samarbeid med dei nordiske forskargruppene i PriSUD-Norden jobbar Torill med studiar på eldre i fengsel og på grupper med ulike psykiske diagnosar. Torill er hovudansvarleg for arbeidet med ein ny FoU om kriminalomsorg og velferdstenester i Norge på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet. Les meir om prosjektet «Levevilkår, rus og psykisk helse blant domfelte» her

 

Torill tok sin doktorgrad i epidemiologi ved Institutt for Folkesundhedsvidenskab ved Københavns Universitet. Studiet var eit registerstudie som omhandla sosial arv i utdanningsnivå og arbeidsmarknadstilknyting i den danske befolkninga født 1930 - 2002. Ho har vidare erfaring med forsking på overdosedødelighet, sjukefråvær, rus og rettstoksikologi.

​

Torill har i tillegg fleire års erfaring som kursholdar og veiledar i attføringsbedrifter med tiltak retta mot personar som via NAV treng hjelp og støtte for å komme ut på, eller tilbake på arbeidsmarknaden. Ho har her jobba mykje med psykisk helse og livsmeistring, og har opparbeida seg lang MI (motiverande intervju)-erfaring og er sertifisert i SE (Supported Employment) og Karriereverktøy.

 

Publikasjoner:

Tverborgvik, Torill., Stavseth, Marianne Riksheim & Bukten, Anne. "The association between drug use and mortality in a norwegian prison cohort: a prospective cohort study." Health Justice 11, 22 (2023).

10.1186/s40352-023-00223-y

profilbilde_sort_hvitt.png
E-post: torill.tverborgvik@medisin.uio.no

Telefon:
47945096
bottom of page